Spørsmål og svar om AMS - SFEnett
SFE NETT

Spørsmål og svar om AMS

Kva kan ein automatisk straummålar gjere?
Målaren registrerer straumforbruket ditt kvar time og sender informasjonen til nettselskapet. Det sikrar at straumforbruket ditt blir rett målt. Målaren gjer det mogleg å lokalisere straumbrot hos deg, slik at vi får retta feilen raskare. I tillegg blir det lettare å følgje med på straumforbruket, og dermed blir det enklare å spare straum. Dersom du ønskjer det, kan målaren koplast opp mot energistyringssystem, som til dømes regulerer varmen og styrer varmtvassbereder. Du bestemmer sjølv om du ønskjer å ta i bruk slik energistyring, og kan fritt velje leverandør av denne typen tilleggsutstyr.

Kven får ny automatisk straummålar?
Alle nettkundar, private hushald, fritidshus/hytter, burettslag, bedriftskundar og offentlege institusjonar i Noreg får ny automatisk straummålar innan 1. januar 2019.

Kvifor får eg ny straummålar?
Straumnettet i Noreg skal moderniserast, og nye automatiske straummålarar er eit viktig element når infrastrukturen skal utviklast. Med automatiske straummålarar får Noreg eit sikrare og meir fleksibelt straumnett, og behovet for å byggje ut nettet i framtida blir redusert.

Kven har bestemt at nettkundane skal få nye automatiske straummålarar?
Det er myndigheitene som har bestemt at alle straummålarane skal bytast ut med nye automatiske straummålarar. Nettsekskapa er pliktige å montere desse hos sine kundar.

Når kan eg få ny automatisk straummålar?
SFE monterer automatiske målarar hos kundane sine i 2018. Tidsplanen ser slik ut:
Hyen, Eikefjord, Naustdal, Askvoll: April-juni
Florø: Juni-august
Bremanger, Svelgen: Juli - september
Selje, Måløy: September-november
Nordfjordeid, Sandane Byrkjelo: November-desember

Kva må eg gjere for å få ny straummålar?

Du får informasjon frå SFE Nett ditt i god tid før målaren din skal bytast. Om lag to veker før målarbytet, får du eit brev frå Eltel med forslag til tidspunkt for installasjonen. Det einaste du må gjere, er å vere heime når montøren frå Eltel kjem.

Må eg byte målar?
Myndigheitene, gjennom Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), har bestemt at alle straumkundar i heile Noreg skal få installert automatiske straummålarar, og alle nettselskapa i Noreg er pliktige til å installere målarane hos sine kundar.

Kva er fordelane med ein automatisk straummålar?
• Det er enklare for deg, for du slepp å lese av straumen.
• Det er tryggare for deg, for nettselskapet får betre informasjon ved straumbrot og kan rette feil raskare.
• Du får betre og meir detaljert oversikt over straumforbruket ditt.
• Målaren registrerer kontinuerleg straumforbruket ditt og kan om ønskjeleg koplast opp mot energistyringssystem. Du står fritt til å velje leverandør av denne typen tilleggsutstyr.

Er det plass til den nye målaren i sikringsskapet mitt?
Dei fleste vil ha plass til den nye målaren i sikringsskapet, som regel er det ein straummålar der frå før. I dei få tilfella sikringsskapet er for lite for den nye målaren, vil vi i samråd med den enkelte kunde finne ei  løysing.

Må eg betale for den nye målaren og for installasjonen?
Du får ingen faktura for installasjon av den nye automatiske straummålaren. Denne oppgraderinga er ein del av det du betaler for gjennom nettleiga, på same måte som anna utbygging og vedlikehald av straumnettet.

Er det fare for at uvedkommande kan få tilgang til måleverdiane frå dei automatiske straummålarane?
Nettselskapa pålagde å følgje dei same strenge reglane som bankane når det gjeld personvern og datatryggleik. All informasjon vert sendt i eit lukka nett ved hjelp av unike krypteringsnøklar. Ingen utanforståande har tilgang til data, med mindre kunden sjølv gir fullmakt til det.

Eg er redd for stråling, medfører den nye automatiske straummålaren strålefare?
Straummålaren vi installerer hos kundane våre er av typen Kaifa og det er NURI som leverer teknologien. Denne målaren, med tilhøyrande kommunikasjonsutstyr, ligg godt innanfor fastsette grenseverdiar for stråling og tilfredsstiller alle offentlege krav. 

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) og Statens strålevern samarbeider om fagfeltet stråling frå elektronisk utstyr i Noreg. Nasjonal kommunikasjonsmyndighet måler strålingen, og Statens strålevern gir helseråd.

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) publiserte i februar 2018 ein ny rapport om stråling frå dei automatiske straummålarane som blir montert i Noreg. Statens Strålevern sin konklusjon er:
• Strålinga frå dei nye, straummålarane er så svak (langt under ein tusendel av grenseverdiane for stråling) at det ikkje er helsefarleg å få installert ein slik i heimen.
• Det har ingen betydning kor mange gongar i døgnet straummålaren din sender informasjon til nettselskapet, fordi strålinga er svak.
• Alle teknologiane som brukast i dei ulike straummålarane i Noreg gir svak stråling.

Sjå informasjon frå Statens strålevern her.

Eg har allereie ein automatisk straummålar, må eg byte målar?
Nokre få av kundane våre har automatiske straummålarar frå før. Dei nye målarane har ein meir avansert teknologi og vil erstatte eldre målarar. Derfor får alle nye målarar.

Kven skal montere dei nye målarane?
Det er Eltel som skal utføre jobben i SFE Nett sitt nettområde. Montøren skal vise legitimasjon. Du vil bli opplyst om tidspunktet for monteringa i god tid før målaren skal bytast. Du kan få ny avtale viss tidspunktet ikkje passar.

Kva betyr AMS?
Dei nye straummålarane blir av og til kalla AMS. AMS er ei forkorting for avanserte måle- og styringssystem. I kundekommunikasjonen vår bruker vi utrykket automatiske straummålarar.

Korleis vil de overføre målardata?
Det er ein radiosendar i målaren som sender verdiar til mottakarar hos nettselskapa på fastsette tidspunkt. Dei fleste målarane vil sende på radiofrekvensar som er avsette til dette. I nokre område vil vi bruke mobilnettet.

Eg har gamle skrusikringar. Må eg byte til automatsikringar for å få automatisk straummålar, eller bytar nettselskapet til automatsikringar når dei bytar målar?
Nettselskapet bytar berre straummålaren. Sikringstypen (automatsikring eller skrusikring) har ikkje noko å seie for byting av målaren. Sikringane er ein del av det interne elektriske anlegget i bustaden og kunden sin eigendom. Viss kunden ønsker å byte til automatsikringar, må han/ho ta kontakt med ein elektrikar og koste byte til automatsikringar sjølv, men som sagt er det ikkje naudsynt å byte sikringar for å få automatisk straummålar.

Kva må eg som kunde bidra med for at de skal få kontakt med meg?
For at vi skal kunne nå deg med viktig informasjon og kunne avtale tidspunkt for å byte straummålar hos deg, er det svært viktig at vi har rett telefonnummer, mobilnummer og e-postadresse. Gå inn på Mi side for å kontrollere og oppdatere desse opplysningane.

 

Kontakt Oss

  • Send e-post
  • 57 88 47 00 (sentralbord)
  • 57 88 48 50 (kundesenter)
  • 57 88 48 00 (feilmelding)

SFE Nett AS
57 88 47 00

Postadresse
Sørstrandsvegen 227, 6823 Sandane

Besøksadresse
Sandane: Sørstrandsvegen 227, 6823 Sandane
Florø: Hamregata 1, Florø