SFE NETT

Gravemelding

Alle som skal utføre gravearbeid på eigendomen sin må sende gravemelding før gravearbeidet tek til. Dette er for å unngå skader på kablar, rør og anna utstyr som kan ligge i bakken. Dette gjeld også dersom du skal sette ned gjerde- og  rekkverksstolpar. Teknisk etat i kommunen din gjev graveløyve som er gyldig i to månader.

SFE Nett kan hjelpe til med å lokalisere kablar i bakken. Kabelpåvising er i utgangspunktet gratis og skjer innan fem virkedagar frå bestilling. Dersom du ønskjer arbeidet uført på kortare tid, kostar dette kr 600,-.

Dersom kablar, rør og anna utstyr vert skada under graving vert graveansvarlig belasta for kostnadar med reparasjonar.

Dersom du skal utføre gravearbeid i SFE sitt konsesjonsområde skal du kontakte Geomatikk AS som behandlar gravemeldingar for SFE.

Sjå her for meir informasjon.

Vi gjer óg merksam på at SFE Nett skal varslast dersom du planlegger arbeid med anleggsmaskiner innanfor 30m frå ei høgspentlinje. Kontakt oss da på 815 21 490.

 

Kontakt Oss

  • Send e-post
  • 57 88 47 00 (sentralbord)
  • 57 88 48 50 (kundesenter)
  • 57 88 48 00 (feilmelding)

SFE Nett AS
57 88 47 00

Postadresse
Bukta, 6823 Sandane

Besøksadresse
Sandane: Bukta, 6823 Sandane
Florø: Hamregata 1, Florø