SFE NETT

Arbeid nær kraftlinje

Dersom det skal utførast arbeid med anleggsmaskiner nærare enn 30 m frå høgspentlinjer skal netteigar varslast. Dette kan til dømes gjelde ved arbeid med gravemaskin, betongbil eller skogsmaskiner. Også ved sprengingsarbeid og felling av tre nær høgspentlinjer skal netteigar kontaktast.

Når SFE Nett blir varsla om dette vil vi vurdere arbeidet som skal utførast og gje rettleiing om farar og tiltak som må settast i verk i tilknyting til arbeidet. Normalt dekkjer SFE Nett sine kostnader med dette.

Varsling skal gjerast til SFE Nett på telefon 57 88 48 00 seinast tre dagar før arbeidet skal settast i verk. Dersom SFE Nett ikkje blir varsla om arbeidet kan utførande bli erstatningspliktig for skader som blir påført dei elektriske anlegga.

Om ein kjem i kontakt med kr aftlinjer med anleggsmaskiner eller anna utstyr kan dette medføre livsfare.

Meir informasjon finn du i publikasjonen Anleggsmaskiner og elektriske anlegg fra Energi Norge.

SFE Nett AS
57 88 47 00

Postadresse
Bukta, 6823 Sandane

Besøksadresse
Sandane: Bukta, 6823 Sandane
Florø: Hamregata 1, Florø