SFE NETT

Om SFE Nett

Med ansvaret for eit straumnett med ei lengd som tilsvarar distansen mellom Sogn og Fjordane og Kairo i Egypt, og eit stadig veksande fibernett, har SFE Nett hand om ein viktig del av livsnerven som bind fylket saman.

4000 km

Totalt har SFE Nett sitt straumnett ein utstrekning på over 4000 km. Deler av dette er eit regionalnett som strekkjer seg frå Sognefjorden i sør til Ørsta i nord, og som bind saman ulike regionar i store delar av Sunnfjord og Nordfjord. I tillegg eig vi distribusjonsnettet, eller det lokale nettet, som forsyner rundt 24 000 kundar i SFE Nett sitt konsesjonsområde i kommunane Gloppen, Eid, Vågsøy, Bremanger, Flora, Askvoll, Selje og delar av Naustdal.

 

Breiband

I tillegg til straumnettet, så eig og byggjer SFE Nett breibandinfrastruktur i regionen. Vi knyt saman dei største bygdene og byane i Sunnfjord og Nordfjord og utgjer ein del av energiforsyninga sitt nasjonale breibandnett. Denne infrastrukturen leiger selskapet til breibandoperatørar.

VISSTE DU AT SFE NETT..

  • har 23 000 nettkundar
  • eig over 4000 km nett..
  • ..og 1550 nett- og trafostasjonar
  • har distribusjonsnett i 7 kommunar
  • er 5. største eigar av sentralnett i Noreg
  • har 130 tilsette

Følg prosjekta våre

SFE Nett AS
57 88 47 00

Postadresse
Bukta, 6823 Sandane

Besøksadresse
Sandane: Bukta, 6823 Sandane
Florø: Hamregata 1, Florø