 | 10 millionar i resultat for SFE Sogn og Fjordane Energi (SFE) si omsetning enda på 1,39 mrd. kroner i 2011, ei auke på 130 mill. kroner frå 2010. Likevel vart resultatet 111 mill. kroner lågare enn i det føregåande året. Hovudårsaka var store kostnader i tilknyting til orkanen Dagmar.
|
|
 | Trainee i SFE? Fornybar energi er framtida – og Sogn og Fjordane Energi si kjerneverksemd. Fokuset på fornybar energi har aldri vore større og energibransjen er ein sterkt veksande bransje, både i fylket, nasjonalt og globalt. Som eit av dei store energiselskapa på Vestlandet har SFE mange utfordrande oppgåver for deg med høgare utdanning.
|
|
| Orkanen Dagmar kan føre til vesentlege kostnader for SFE Orkanen Dagmar ramma Nordvestlandet 1. juledag og store deler av SFE sitt linenett vart råka. For delar av nettområdet tok det to døgn eller meir før straumen var tilbake. Skadane på nettet er til dels omfattande og NVE sitt regelverk om Kompensasjon for Ikkje Levert Energi (KILE) og kompensasjon ved svært langvarige avbrot kan gje vesentlege kostnader for SFE. |
|
 | Endring av opningstidene for kundesenteret I samband med at SFE byrjer med månadleg fakturering har vi nye opningstider på kundesenteret vårt. Vi er no tilgjengelege på telefon mandag til torsdag mellom 07.30-18.00 og fredager mellom 07.30-15.00. |
|
 | Månadleg fakturering frå januar 2012 Frå januar 2012 vil SFE fakturere månadleg. Etter fleire kalde vintrar med høge straumprisar har både styresmaktene og kundane oppmoda energiselskapa om dette. |
|