Søk
  Nett   Om SFE Nett   Driftsmeldingar   Prosjekt   Kontakt 
 

Kraftsystemutgreiing
 
Pålegg om å utarbeide regional kraftsystemutgreiing er heimla i "Forskrift om energi­utredninger" fastsett av Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) 16. desember 2002, se www.nve.no.  

SFE Nett AS er utpeika av NVE som ansvarleg for å utarbeide kraftsystemutgreiinga for Sogn og Fjordane. Denne skal beskrive dagens kraftsystem og framtidige overføringstilhøve. Målet for utgreiinga er å medvirke til ei koordinert og samfunnsrasjonell utbygging av regional og sentralnettet. Utgreiinga er ingen bindande plan, men vil utgjere ein del av grunnlaget for konsesjonshandsaming av tiltak i kraftsystemet.

Arbeidet med kraftsystemutgreiing er eit kontinuerleg arbeid og utgreiinga vert revidert årleg. Hovedrapporten er eit offentleg dokument som skal samanfatte arbeidet og presentere dei viktigaste konklusjonane.

Her finn du den regionale kraftsystemutgreiinga.  

Systemutredning av sentralnettet i Vestlandsregionen

I tillegg til den regionale kraftsystemutgreiinga, har SFE Nett delteke i ein analyse av behovet for oppgradering og utviding av sentralnettet på Vestlandet fram mot 2025. Saman med Statnett SF, BKK Nett AS, SKL Nett AS og Tafjord Kraftnett AS, har arbeidsgruppa utarbeida rapporten "Systemutredning av sentralnettet i Vestlandsregionen". Denne og brosjyra "Straumnettet på Vestlandet mot 2025" kan lastast ned nedanfor.

Systemutredning av sentralnettet i Vestlandsregionen (rapport)

Straumnettet på Vestlandet mot 2025 (informasjonsbrosjyre)